tirsdag 9. november 2010

You Tube/Videodeling

Eg fekk svært lyst til å reklamere litt for gamalosten. Vik har einaste ysteriet i Norge som lagar gamalost. Filmen er laga av elevar frå Vik. Dette er ein utruleg morosam film som ligg på you tube, men problemet var at det ikkje var mogleg å byggje filmen inn. Eg veit ikkje kva eg gjer feil, mistenkjer at det er lagt inn ei sperre på filmen. Eg har brukt utruleg mykje tid på å prøve å byggje inn filmen i bloggen, men altså utan hell.  Alle kan sjølvsagt gå inn på you tube og sjå filmen her:-)

Eg har alltid hatt sansen for Mr. Bean, så eg søkte på namnet. Der fann eg Mr. Bean at the Libary. Den er litt lang, men kvart minutt er verdt å sjå:


Ei stor utfordring for meg har vore at eg brukar MAC, og oppskrifta vi fekk utdelt er truleg laga for windows.  Eg hadde trøbbel med  nettlesaren safari heile vegen. Forhandsvisninga vart ikkje rett, og formateringa på blogsida vart heller ikkje vist rett.  Det forstod eg ikkje før eg til slutt prøvde oppskrifta på ei window 7 maskin.  Deretter gjekk eg over til nettlesaren "Firefox" på macen, og der fungerte også alt mykje betre.  Ikkje alt skal vere like enkelt!

For biblioteka er you tube ein enkel måte  å dele informasjon. Vi kan dele informasjon med folk over heile kloden. You tube skaper kontakt, samhald, kunnskap, og tenesta er ein stor kilde for underhalding. You tube kan vere eit nyttig og eit lærerikt verktøy!

2 kommentarer:

  1. Eg ser at innbygging av Gamalost-filmen er deaktivert. Men det ser ut til at det kan gå an å trykkje "dele" og vidare trykkje på "blogger". Då får du leggje inn videoen som eit eige innlegg i bloggen din.

    SvarSlett
  2. Eg har prøvd, men fekk framleis opp: innbygging deaktivert ved forespørsel se på you tube! Så eg gir opp!!

    SvarSlett